Del dine Livsnyteri.no

Del dine Livsnyteri.no

Om det no er slik, at me kun har dette eine livet. Kun desse dagane me får tildelt til rådighet. Det er ikkje mange sett i det store og det heile og dei vert ikkje anna enn det du vel å gjera dei til.

Heldigvis har eg utruleg mange flotte venner rundt meg, mange av dei vil eg kalla reine livsnytara. Alle på sitt vis. Nokon finn gleda i naturen, andre i mat, vin, bøker, musikk, stillheit, dans, det å hjelpa andre, fisking, dyr, reiser, samtalar, luktar..lista er uendeleg..og nokon finn gleda i det meste. Felles er at dei er takknemmelege. Beviste på nuet og omgivelsane rundt seg.

Eg beundrar slike mennesker. Eg vert lykkeleg på deira vegne, og jobbar kvar dag mot å vera meir tilstades sjølv, takka for alt rundt meg og nyta stunda.

No håpar eg fleire av desse fine folka vil dela sine livsnyterier med meg. Slik at me saman kan samla små og store gleder i kvardagen og inspirera kvarandre.

Send meg dine livsnyterier til bente@livsnyteri.no så legg eg dei ut her slik at me fleire kan gleda oss over det, enten på eigne eller andres vegne. Lika viktig begge deler.

Livet er faktisk ikkje korleis du har det, men korleis du tar det. Så LEV, LEIK, LE, ELSK og TAKK!

-bente-